søndag 21. juni 2009

P

Eg tok ein tur til dvd-hylla for bokstaven P…. For kven kan vel gløyme desse karane med navn på P:

pomp

Pompel og Pilt!

Vart du skræmt no?!

Dei to reparatørane har satt djupe spor i ein generasjon. Eg hugsar det var skummelt, men vi satt og såg likevel. Serien  var laga av Bjørg og Arne mykle og den hadde berre 5 episoder. Den vart første gong sendt i 1969 og så reprise 4 gonger før NRK  fann ut at den ikkje var eigna for barn. Etter ti år blei den sendt ein gong til (etter press frå publikum).

p&p5

Kva i all verden betyr pre-ironisk?? Her hos Christins mimreside kan du lese meir om serien (og om mange andre gamle Barne-TV-heltar.)

Visste du forresten at karane eigentleg hadde oransje frakkar:

p&p6

Og du kan altså kjøpe dvd no for tida. Den har eg, men eg tør ikkje sjå den for ofte…

2009_06210026

Her kan de sjå eit klipp. Eg fekk ikkje lagt det inn i dag.

Bilda her har eg lånt frå nrk og Christins mimreside.

Fleire innlegg om P finn de her.

2 kommentarer:

  1. Ja, Pompel og Pilt er et sterkt barndomsminne. Det var med skrekkblandet fryd jeg så dette på tv som liten.
    Når jeg ser på dette i dag, så virker det jo nesten helt meningsløst hehe!
    Man kan jo lure på hva den pedagogiske meningen med det var...
    Men litt artig var de jo. Spesielt Gordon Vaktmester!

    SvarSlett
  2. Kven hugsar ikkje desse karane..
    Det eg hugsar best, er nok at ungane var litt redd dei...

    Ha ein fin kveld.

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails